Logg på



Statistikk

Artikkelvisninger : 152430
Dei tilsette Skriv ut E-post
Skrevet av Jarle Haustveit   
fredag 20. februar 2009 15:33


Leif Øie tok over som dagleg leiar 15 juli 2011. Han er frå Odda og har allsidig erfaring.


Trygve Samland var den med lengst erfaring. Han var i fruktlagerbransjen frå 1973 fram til han døydde brått i november 2016.

Jarle Haustveit vart kasta inn i fruktlagerbransjen i år 2000. Han kom frå eit roleg tilvære i Sjøforsvaret. På fruktlageret driv han med innkjøp, drift og vedlikehald av tekniske saker. Hobbyen er å produsere eple og plommer. Han held seg i form med å springa i fjellet om sommaren.

Robert Niemiec syter for at me er litt internasjonale. Han kom frå Polen i 2007. Robert skjønar norsk, svarar på engelsk og skjenner på polsk. I sesongen er han produksjonssjef i pakkeriet og resten av året tek han seg av vedlikehald og transport.

Birgit Eiken tek seg av tala. Ho er lett på foten og rask i hove. På denne måten klarar ho å ta seg av rekneskapen på ein utmerka måte.

Etter over 30 år i fruktlagerbransjen hadde Kari Kvinge Nå sin siste arbeidsdag 28 april 2016.

Liv Sollesnes tok til i ny jobb ved Hardanger fjordfrukt august 2015. Ho har no ansvar for varesal, og skal passa på at vi har på lager alt som produsentane til ei kvar tid har bruk for. Tidligare har ho arbeidd i  Sparebanken Vest. Ho likar og skyta på blink, og er særdeles treffsikker.

 


Sesongarbeidarar
I sesongen har me 25-30 arbeidarar. Dei fleste kjem frå Polen. Mange av dei har lang erfaring med å arbeida i Noreg.

Sist oppdatert onsdag 21. desember 2016 16:04