Logg på



Statistikk

Artikkelvisninger : 152420
Programvare Skriv ut E-post
Skrevet av Eirik Haustveit   
fredag 20. februar 2009 14:54

 

Portal

Saman med Øystein Spilde i Industridata utviklar me eit dataprogram som håndterer medlemmer, varer og frukt. Medlemmene kan kobla seg opp over internett for å oppdatere sin eigen profil, tre og felt. Du kan dokumentera sprøyting og gjødsling. Dei kan bestilla varer og melda inn frukt. Så snart frukta er sortert vert resultatet tilgjengelg for dyrkaren. Til ei kvar tid har dyrkaren oversikt over kor mykje han har levert.

Varelager er oppdatert, du kan bestilla varer og få oversikt over både uteståande leveringar og det du har mottatt.


For å lasta ned programmet trykk på:
Last ned Fjordfrukt klient


Me har laga ei inføring i korleis du lastar ned, installerar og brukar programmet, trykk her for å lesa innføringa.

Fyrste gongen loggar du deg på med ditt medlemsnummer (tre siffer) som både brukarnavn og passord. Deretter må du setja ditt eige passord for å koma vidare inn i programmet.

 

 

Tekstbehandling

Hardanger Fjordfrukt brukar LibreOffice, som er eit gratis alternativ til Microsoft Office. LibreOffice kan opna og lagra filer i Microsoft Office sine format, i tillegg til det ISO og IEC standardiserte ODF(Open Document Format). Du får både Nynorsk og Bokmål versjon av LibreOffice til både Windows og GNU/Linux.
Den nyaste versjonen av LibreOffice kan lastast ned gratis frå : no.libreoffice.org/
Det er mogleg å installera ordbøker for stavekontroll for både Nynorsk, Bokmål og mange andre språk. For å installera ordbøker start LibreOffice og vel: Fil, Vegvisarar, Installer nye ordbøker.

 

Sist oppdatert fredag 06. juni 2014 16:35