Logg på



Statistikk

Artikkelvisninger : 152422
Eple / Pære pakkelinja Skriv ut E-post
Skrevet av Jarle Haustveit   
fredag 20. februar 2009 15:27

Eple / Pære pakkelinja
Sorteringsmaskiner for eple og pærer har vore i bruk i Hardanger i over 40 år. Då bygget sto klart i 2004 gjekk ein til innkjøp av ei av dei mest moderne maskinene som fans. Det var ei maskin som brukar optikk for å sortere epla og pærene. Det vert teke 7 bilete av kvar frukt mens den roterer under kameraet. Datamaskina analyserer fotografia og finn diameteren på frukta, samt kva grunnfarge og kor mykje dekkfarge frukta har.
Leverandør av pakkelinje var Greefa og Burg i Nederland. Desse firma har og levert same type eplesorteringsmaskiner til 4 andre fruktlager i Noreg


Frukta vert levert til lageret i storkassar som inneheld om lag 270kg eple eller 350 kg pærer.
Storkassane vert senka i eit vannbad og deretter snudd. Epla flyt opp og vert førd med vatn fram til ei tørke som og polerer epla.
Vidare går epla vidare til eit grovsorteringsbord der dårleg frukt vert plukka ut manuelt. Det meste av denne frukta vert brukt til saft.
Etter den optiske sorteringa går frukta vidare til 11 uttak.
Til uttaka er det kopla til posemaskin, automatiske brettfyllarar, og manuelle sorteriingsbord
Skrotepla vert sendt i røyrsystem tilbake til ein storkassefyllar som forsiktig fyller opp kassane. Desse epla vert lagra utover vinteren og vert sendt til saftpresseriet etter kvart som dei ynskjer råvarer.

Denne pakkelinja har ein kapasitet på 4000 kg/time. På ein god dag med to skift vert det sortert opptil 50 tonn eple.

Sist oppdatert mandag 23. februar 2009 17:33