Logg på



Statistikk

Artikkelvisninger : 152425
Morell/plomme pakkelinja Skriv ut E-post
Skrevet av Jarle Haustveit   
fredag 20. februar 2009 15:29

Morellpakkelinja

Våren 2015 er kamera og programvare forbetra betrakteleg. Dette fører til enklare bruk og meir nøyaktig sortering. I følgje produsenten av maskina er den i god stand og bør kunne brukast i mange år enno.


Våren 2008 vart det kjøpt inn ny kombinert morell og plomme sorteringsmaskin. Maskina er produsert av firmaet STAS i Belgia. Norsk importør er CCC på Lofthus.
Maskina besår av  vannbad med transportbelte og stilkkuttar, grovsorteringsbord og sorteringslinje med 10 utgangar

Vannbad,
Etter at haustekassane er vegne, vert morellene tømt oppi eit vannbad, og deretter transportert gjennom ein stilkkuttar slik at morelleklasane vert splitta frå kvarandre

GrovSorteringsbord
Her vert øydelagde moreller plukka ut. Desse fruktene vert anten kasserte eller levert til industri

Sorterar
Sjølve sorteraren består av 4 linjer som fruktene vert transportert på. Ved hjelp av foto og avansert databehandling vert kvar frukt vurdert og klassifisert. Maskina finn diameter og modning på frukta
Når frukta er klassifisert vert den styrt ut på ein av utgangane.

Utgangar
Maskina har 10 utgangar. Her kjem det ut ferdig sortert vare.

Det finnest fleire mogeleg måtar å pakka varene på.
Moreller har til no vorte pakka i 500 grams posar,som vert stua 10 og 10 i kassar.

Newtec vekt og korgfyllar
Ein har og mulighet tilå fylla morellene i korg. Vi har to stk heilautomatiske vekt og korgfyllarar som er levert frå firmaet Newtec i Danmark Desse maskinene fyller korgene svært nøyaktig. Korgene kan deretter køyrast inn i ei maskin som legg på lokk.

Normal gjennomsnitt pakke kapasitet er 900 kg i timen. Det er ca 20 personar som betjenar maskina.

Plommepakkelinje
Ein bruker mykje av det same utstyret som i morellpakkelinja. Det tek under 5 minutt å stille om maskina frå morellsortering til plommesortering
Vannbad og stilkkuttar vert ikkje brukt på plommer. Istaden tømer ein plommene på eit transportbelte som transporterer dei rett til grovsorteringsbordet.

Sorteringslinja hanterer plommene på same måte som moreller. Dei vert klassifiserte ut frå diameter og farge.
Plommene er opptil 6 gonger tyngre enn ei morell så trykket på lufta som bles av fruktene på rett utgang må aukast.

Alle plommer som har diamater over minstemål vert i dag pakka i 750 grams korger. Til dette brukar ein Newtec vekt og korgfyllar.
Deretter vert korkene køyrt gjennom ei flowpackmaskin som pakkar korgene inn i plast.

Erfaringar

Plommemaskina fungerer godt. Det er ei bemanning på 12 personar. Kapasitet er 1200 kg pr time.

Sist oppdatert onsdag 24. juni 2015 17:49