Hardanger Fruktprodukt
Frukt frå Hardanger – saman
Hardanger er ein av Noregs viktigaste fruktregionar. Mellom fjord og fjell dyrkar over 250 fruktprodusentar eple, plommer, pærer og morellar – frukt som har vore ein del av Hardanger si historie, kultur og næringsliv i hundrevis av år.
Hardanger Fruktprodukt er eit samarbeid mellom Nå Fruktlager, Ullensvang Fruktlager og Hardanger Fjordfrukt. Saman representerer me det store fleirtalet av fruktprodusentane i Hardanger og arbeider for å skape best mogleg verdi av frukta som vert produsert i regionen.
Fruktlagera er produsenteigde samvirke som tek imot, sorterer, lagrar, pakkar og sel frukt til marknaden. Me kjenner frukta, produsentane og regionen, og samarbeider på tvers av fjordsidene for å utvikle ei sterk og framtidsretta fruktnæring. Dei siste åra har me også fått eigarskap i Frukthagen Hardanger - ei foredlingsbedrift med fokus på å skape nye produkt ut av den frukta som ikkje når butikkane.
Eit samarbeid for frukta
Hardanger Fruktprodukt samlar kunnskap og erfaring frå dei tre fruktlagera, Frukthagen og produsentane dei representerer. Saman arbeider me med å utvikle fruktnæringa vidare – frå hagane og fruktlagera til marknaden og forbrukaren.
Me arbeider med produktutvikling, marknadsutvikling og nye moglegheiter for foredling, samstundes som me tek vare på dei etablerte marknadene og gode relasjonane som fruktnæringa i Hardanger er bygd på.
Målet er å synleggjere kvalitetane ved frukta frå Hardanger, skape nye moglegheiter og bidra til ei sterk og lønsam fruktnæring også i framtida.
Tre fruktlager. Ei foredlingsbedrift. Over 250 produsentar. Éi felles fruktnæring.

