Hardangerplommer.

Våre Hardangerplommer

Visste du at:

Det spesielle jordsmonnet og klimaet i Hardanger sørger for frukt av beste klasse. Plommer har vorte dyrka i Hardanger sidan 1300-tallet. Dei lange tradisjonane har gjeve fruktbøndene mykje kunnskap om forhaldet mellom sort, vekstplass og kvalitet på plommene.

Den kalde vinteren gjer at plommetrea blømer rikt kvart år, medan klima og alt ljoset i plommenes vekstsesong får æra for den gode smaken. Berre plommer med heilt riktig storleik, farge, form og smak kan kalle seg Hardangerplommer.

Plommesortering kvalitet 2021 .jpg

Kva skjer med plommene på fruktlageret?

Me hentar inn plommene frå produsentane våre, deretter veges og tas dei inn på lager for nedkjøling. Kvaliteten på varene blir vurdert. Når plommene er passelig nedkjølt blir dei teke vidare til sortering og pakking. Plommene legges varsomt på transportband som tek dei inn i sorteringsmaskina. Ved hjelp av kamerateknologi blir kvar plomme vurdert etter fastleik, storleik og farge. Etter sortering blir plommene pakka i forbrukaremballasje og gjort klar for transport vidare. Bama henter varene og sørger for at dei ender opp i ein butikk nær deg.

Plommene

Har eit rikt innhald av C-vitaminer. Passar godt til å ete med ein gong eller til matlaging.

.

 
 

Hardangerplommer er ein beskytta sort.

Beskyttede betegnelser er en offentlig merkeordning som sikrer at norske matskatter får den beskyttelse og anerkjennelse de fortjener.

Les om Hardangerepler