Hardangermoreller.

 

Våre Hardangermoreller

Sorteringsmaskin morell .jpg

Visste du at:

Det var soknepresten Atche som sørga for at morellene kom til Hardanger. Han plnata dei aller fyrste morelltrea her på slutten av 1700-tallet. Etter at sokneprest Atche introduserte morlltrea i Hardanger, tok bonden Lars Larsson Bleie seinare utviklinga eit steg vidare ved å poda trea. Sidan har fruktbønder i Hardanger jobba vidare med perfeksjonering av Hardangermorellene.


Ingenting er overlatt til tilfeldigheitene når desse morellene dyrkast. Bøndene sit på ein enorm kunnskap om dyrkingsforhalda og kva som skal til for å gje riktig kvalitet. Det stilles naturleg nok strenge krav til dyrking og produksjon, og berre moreller med visse eigenskapar knytt til storleik, rett farge og smak kan få namnet Hardangermoreller.

Sorteringsmaskin morell kvalitet .jpg

Kva skjer med morellene på fruktlageret?

Me henter inn morellene frå produsentane våre, deretter veges og tas dei inn på lager for nedkjøling. Kvaliteten på varene blir vurdert. Når morellene er passeleg nedkjølt blir dei teke vidare til sortering og pakking. Morellene blir varsamt senka ned i vatn som held 2 grader, vidare flyt dei inn i sorteringsmaskina som med hjelp av kamerateknologi vurderer fastleik og farge. Etter sortering blir morellene pakka i forbrukaremballasje og gjort klar for transport vidare. Bama henter varene og sørger for at dei endar opp i ein butikk nær deg.

Morellene

Trivast best kjølig, og er haldbare ei veke i kjøleskåp. Ei djupraud Hardangermorell kan vere like godt som den finaste konfekt.

Hardangermoreller er ein beskytta sort.

Beskytta betegnelser er ein offentleg merkeordning som sikrar at norske matskattar får den beskyttelse og annerkjenning dei fortener. Stiftinga Norsk Mat har ansvar for ordninga.

Les om Hardangerplommer